Til salgs Førde

Lekker einebustad med topp utsikt i Førde!

Priskr 6 790 000
Boligtype Enebolig
Bruttoareal (BRA) 214 m²
Soverom 5
Primærrom (P-rom) 134 m²

Garasje/bod/S-rom: 36,5 + 13,4 m²
Terrasse: 71,4 m²

Kunne du tenke deg ein lys og moderne familiebustad tett på naturen, med fantastisk utsikt over Førde?

Då kan denne lekre einebustaden i Gravdalsholten vere akkurat det du er på jakt etter.

God plass

I hovudetasjen er det diger stove/kjøkken med plass til både tv-krok og spisebord. Store vindauge gir mykje lys og fritt utsyn. Stort soverom med eige bad. Direkte utgang til den romslege, delvis overbygde terrassen. Her blir det fantastisk å nyte sola!

Dobbel garasje

I underetasjen er det tre gode soverom (der det eine evt. kan nyttast som tv-stove).

Bad og stort vaskerom med direkte utgang til den romslege doble garasjen.

Tomt 4

Feltet er flott opparbeidd og fleire bustader er allereie under oppføring. Einebustaden som er lagt ut for sal er planlagt på tomt 4.

Betaling

Vi sel etter «førstemann til mølla»-prinsippet!

Inngått avtale har fast pris i heile byggeperioden og vil ikkje bli indeksregulert. I tillegg til kjøpesum kjem 2,5% dokumentavgift av tomteverdi kr. 1.290.000.-, kr. 32.250.-, tinglysing skøyte kr. 585.-, tinglysing pr. panteattest kr. 585.-, og gebyr panteattest kr. 172.-. Totalt kr. 33.592.-

Ved eventuell endring av offentlege gebyr vil beløpa bli endra tilsvaranda.

Betalingsplan

40% oppstart grunnarbeid
25% oppstart tømrar
25% ved tett bustad
10% ved overtaking

Prisen inkluderer avgifter til byggegebyr, oppmåling og tilkopling til vatn og kloakk.

Spør oss!

Prosjektseljar Bente Andenæs blir gjerne med på vising Gravdalsholten. Ho kan vise deg tomta til den flotte einebustaden, og andre ledige tomter i feltet.


Ho har tlf: 908 21 417 / e-post: ba@gravdal.no

Vil du på visning?

Ta kontakt!