Lindhagen i Førde – det gode liv ved elva

I Lindhagen bur du på elvekanten i Førde sentrum, supersentralt men samstundes i ei stille, grøn lunge.

Sjå leilegheiter og prisar!

Få leilegheiter igjen

29 av 36 leilegheiter i Lindhagen i Førde er selde. Grunnarbeidet på tomta er
i gang!

Moderne og stilreint

Glasfasaden ligg som eit smykke midt i bygget.

Byparken som nabo

Store grøntområde. Her finn du grillplass, benkar og bord.
Her kan du bla deg gjennom salsoppgåva!

Ein god miks av leilegheiter gjer Lindhagen attraktiv for folk i alle aldrar!

BustadtypeLeilegheiter
Antal 36
Prisnivå2.640.000 – 5.540.000,- (ledige)
Fellesarealterrasse/hage, fellesrom med kjøkken, hobby/treningsrom, to gjesteleilegheiter, takterrasse
Størrelsar36,0 m² – 164,6 m²

Moderne og stilreint

Lindhagen i Førde er eit moderne og stilreint leilegheitsbygg på fem etasjar som blir bygga av Gravdalgruppa. Glasfasaden ligg som eit smykke midt i bygget og gjer fellesareala lyse og trivelege.

Her blir det flott å bu sommar som vinter!

Lindhagen

Gode naboskap

I Lindhagen blir det sosialt å bu og mange felleskvalitetar: I vestibylen kan du slå deg ned å prate med naboane.

Vil du på visning?

Ta kontakt!

I den store fellesstova med kjøkken kan ein ha nabofestar, spelkveld, strikkekafe – eller private lag.

Her blir felles trening/hobbyrom, stor felles takterrasse i toppetasjen og to gjesteleilegheiter.

I hagen, som strekker seg heilt ned til elva, og på takterrassen kan alle i bygget nyte livet ute. I tillegg har dei fleste leilegheitene private terrassar eller balkongar. Her kan ein kose seg i sola om dagen og invitere til trivelege lag på kveldstid.

Dekket i ulike fargar og former gir liv til hageområdet. Ulike høgdenivå og soner opnar for at fleire kan vere i hagen – anten ein vil vere sosial eller ha tid for seg sjølv. Tenk kor flott det blir å sette seg i trappa ned mot elva og sjå utover vatnet og på svanene!

Gode fellesareal

I Lindhagen slepp du å kjøpe fleire soverom enn du treng i kvardagen.

Når du får gjester som skal overnatte er det to gjesteleiligheter med eige bad tilgjengeleg som bebuarane kan leige.

Lindhagen.

Kvalitetar

  • Heis med glasfasade mot hagen
  • Kjøkken frå Sigdal med integrerte kvitevarer
  • Vassboren varme i alle rom, termotatstyrt
  • Terrasse, balkong eller fransk balkong
  • Tilrettelagd for smarthus-funksjonar
  • Romsleg vestibyle med sosiale møteplassar
  • Terrasse og hage mot elva
  • Felles takterrasse
  • Felles hobby/treningsrom
  • Stort fellesrom med eige kjøkken og direkte utgang til terrassen
  • To gjesteleiligheter
  • Innendørs sykkelbod med moglegheit for lading av elsykkel m.m
  • Parkeringskjellar, tilrettelagt for elbil-lading, sportsboder.
  • Lindhagen ligg innanfor bomringen

I Lindhagen snakkar vi ikkje om gåavstand, her er det tøffelavstand til alt du treng i kvardagen: Butikk, frisør, kafé, bank, legesenter, treningsstudio eller kino, du har det meste like utanfor døra. Her er bilfrie stiar heilt opp til Brulandsvellene. Til fots eller på sykkel når du alt av sentrumsfunksjonar i løpet av nokre minutt. Og vil du padle ein tur på elva kan du gå rett i kajakken frå hagen. Her bur du verkeleg midt i smørauget!

Byparken som nabo

Lindhagen ligg fantastisk til på elvekanten med utsikt til både Byparken og til rådhuset på sørsida.

Vi ønsker at den flotte eigedommen skal bli ein grøn og frodig lunge i Førde sentrum.

Med Byparken som nabo har ein eit stort grøntområde å tumle på. Her finn du både grillplass, benkar og bord. Ungane kan svinge seg i klatreparken og dei tøffaste tar seg gjerne eit bad i elva.

Frå Byparken kan du rusle på bilfrie stiar opp til Brulandsvellene. Samstundes er alt av tilbod i sentrum berre ein kort spasertur unna.

Lindhagen har fått namn etter Førdes første ordførar, Andreas G. Lind (1787-1851).

Han var den første som bygde hus i denne del av Førde sentrum. Lindhuset med eldhus og løe vart bygt i 1825. Naustet hans låg like ved tomta der vi no bygger leilighetsprosjektet Lindhagen.

Vi fall for den idylliske plasseringa ved elva, kanskje det var dei same kvalitetane gamle-ordføraren såg for nesten 200 år sidan.

Meld din interesse