Studio K43 – Førdes tøffaste leilegheiter!

I Kyrkjevegen 43 i Førde er 15 råtøffe studioleilegheiter i ferd med å komme opp. Her bur du sentralt, midt mellom sentrum og sjukehuset.

Sjå leilegheiter og prisar her!

Fri utsikt

Studio K43 ligg sørvend og har fri utsikt til elva og Hafstadparken. Her får du balkong eller fransk balkong.

Høgt under taket

Takhøgde på 3,5 meter og vindauga som strekker seg frå golv til tak gir Studio K43 ein skikkeleg wow-effekt.

Sentral plassering

Om du skal til sentrum, på høgskulen eller til sjukehuset – alt er berre nokre minutt unna på sykkelen.

I ei studioleilegheit får du
mykje for pengane

BustadtypeStudioleilegheiter
Tal 15
Prisnivå2.180.000 – 2.380.000,- ( ledige)
FellesarealStor fellesterrasse med panoramautsikt

Særeigne studioleilegheiter

Takhøgda på 3,5 meter og vindauga som strekker seg frå golv til tak gir Studio K43 ein skikkeleg wow-effekt.

Kontakt oss

Ta kontakt med oss for ei privat visning i Studio K43!

Du finn ikkje noko liknande i Førde!

Her bur du i gang- eller sykkelavstand til alt av tilbod – midt mellom sentrum og sentralsjukehuset.

I ei studioleilegheit får du mykje for pengane. Her har vi funne smarte løysingar og nytta kvar kvadratmeter på ein slik måte at du har alt du treng på litt mindre plass.

Dei 15 leilegheitene i Studio K43 i Førde blir levert med eksklusivt Sigdal-kjøkken.

Ein del av leilegheitene har røffe, synlege betongveggar som gir eit urbant preg. Den spesialdesigna Samba-trappa fungerer som eit møbel i seg sjølv.

Panorama

I 4. etasje blir det ein stor felles terrasse, solrik og med panoramautsikt over sentrum.

Ulike løysingar

Området under trappa blir levert med pc-pult. Vil du heller ha skap og ekstra hyller kan du få det som tilval.

Sjå mot stjernene

Alle dei 15 leilegheitene har praktisk hems.

I toppetasjen er det ekstra takhøgde og takvindauge. Det er ikkje feil å kunne ligge i senga å sjå opp på stjernehimmelen!

Uteliv

Dei seks endeleilegheitene har gode, solrike balkongar.

Midtleilegheitene har fransk balkong med doble dører slik at ein kan nyte sola, utsikta og elva som renn forbi.

Fri utsikt

Alle balkongane er på 7 m².

Her kan du nyte sola både til frukost og ettermiddags-kaffien.

Kort vei til alt

Sjukehuset

Til Førde sentralsjukehus er avstanden 1,6 kilometer.

Høgskulen

Til Høgskulen på Vestlandet er avstanden 1,3 kilometer.

Førdehuset

Til kulturhuset Førdehuset er avstanden 550 meter.

Gode kvalitetar i Studio K43:

• Sigdal-kjøkken med integrerte kvitevarer

• Romsleg bad med plass til vaskemaskin

• Djupe vindaugskarmar med sitteplass

• Ein del leilegheiter har røffe betongveggar

• Stor hems med spesialdesigna trapp

• Eikeparkett

• Gang med garderobe og god oppbevaring

• Balkong eller fransk balkong

• Utvending solskjerming

• Balkongdører med tiltefunksjon for lufting

• Bod i same etasje som leilegheita

• Felles uteområde med panoramautsikt i 4. etg.

• Innandørs sykkelparkering i 1. etg.

• Heis

• Carport og ekstra sportsboder kan kjøpast

• Tilkomst via ny avkøyring frå Kyrkjevegen

• K43 ligg innanfor bomringen

I Studio K43 bur du tett på alt som skjer i Førde: Kafear, shopping og uteliv i sentrum. Kino, teater eller symjehallen i Førdehuset. Skal du på høgskulen eller jobbe på sjukehuset, er det berre nokre minutt på sykkelen.

Kontakt oss

Ta kontakt med oss for ei privat visning i Studio K43!

Lignende boliger i samme område

Flere boliger