ROMSLEG OG MODERNE: Nybygget har ein prislapp på ca 25 millionar kroner.

Endeleg er stasjonen klar!

Dei tilsette i brann- og ambulansetenesta på Dalsøyra har venta lenge på å få ein funksjonell arbeidsplass. No har dei tatt den nye stasjonen i bruk.

Gravdal Bygg vann konkurrasen om å få bygge stasjonen, og no er jobben fullført.

Nybygget er på to etasjar. På bakkeplan er det garasjar, garderobar og treningsrom. Oppe er det kjøkken/opphaldsrom, fleire kontor, soverom – den flotte terrassen.

God standard Flott kjøkken- og spiserom med utgang til ein stor terrasse. Dei tilsette har fått skikkeleg standardheving på lokala sine.

Det blir ein ny kvardag for dei tilsette som har halde til i stusselege lokale. Ambulansetenesta har hatt sine lokale i ei kjellarleilegheit, medan brannstasjonen var i ein kjellar på skulen.

Den nye stasjonen ligg like bak bu- og omsorgssenteret, med flott utsikt over fjorden.

PAUSEROMMET: Lyse og fine lokale, og ei utsikt mange kan bli misunneleg på.

Kontakt oss