Lønnetunet i Parken – ein heim for livet!
PROSJEKTET ER UTSOLGT!
UTSOLGT

Fellesområde
Lønnetunet i Førde har bilfritt tun med leikeplass, pergola og sosiale møteplassar i ulike soner.Terrasse/balkong
Alle leilegheitene har romsleg privat terrasse eller balkong.Parken
I Hafstadparken er det store grøntareal der ein kan nyte ei stille stund og sjå på elva.Klyngetuna i Parken er ein suksess!
No gler vi oss til å bygge neste tun. 30 av dei 45 leilegheitene i Lønnetunet er selde, men her er det framleis mange flotte leilegheiter i ulike størrelsar å velge mellom – dei minste er 37 m², den største på 98 m² BRA.
Kanskje du finn leilegheita du drøymer om i Lønnetunet?
Parken Bustadtun er eit samarbeidsprosjekt mellom Gravdalgruppa og Åsen & Øvrelid.
I Lønnetunet vil folk i alle aldrar finne kvalitetar å sette pris på!
Bustadtype | Leilegheiter |
Antal | 45 leilegheiter fordelt på 6 hus |
Prisnivå | 3.590.000 – 4.790.000,- (ledige) |
Fellesgoder | Bilfritt tun, leikeplass m.m |
Størrelse | Frå 43 m² til 98 m² |
Ny bydel i byen
I Parken veks det fram trivelege tun og nabolag. Dei første bebuarane flytta inn i Kastanjetunet i november 2017, der er det 38 leilegheiter.
Våren 2020 var dei 40 bustadane i Piletunet klare for innflytting. Salet i det tredje tunet er i full gang, 23 av dei 29 leilegheitene i første byggetrinn er selde. Når Lønnetunet i Førde er ferdig utbygt blir det 45 leilegheiter.
Klyngetuna legg til rette for sosiale nabolag. I det trivelege, bilfrie tunet er det ulike soner for leik og sittegrupper. Her blir det fint å slå av ein prat med naboen, ønskjer ein fred og ro kan ein trekke seg tilbake til den private uteplassen.
I Lønnetunet vil folk i alle aldrar finne kvalitetar å sette pris på.
Klyngetun
Klyngetun er ei gammal norsk buform; mange småhus i landsbyliknande fellestun. I Parken er seks hus plasserte kring kvart sitt indre, bilfrie tun. Klyngetun er difor eit godt utgangspunkt for å skape gode, sosiale nabolag med trivelege uteområde. Du vel sjølv kor sosial du ønsker å vere. Alle leilegheitene har gode, private uteplassar.

Kvalitetar
- Lyse og moderne leilegheiter i mange størrelsar.
- Alle leilegheitene har romsleg privat terrasse eller balkong.
- Ein del leilegheiter har spennande arkitektoniske detaljar som karnapp og takvindauge, dette gir ekstra lys og særpreg.
- Triveleg, bilfritt tun med leikeplass, pergola og sosiale møteplassar i ulike soner.
- Norsk kvalitetskjøkken frå Sigdal.
- Vassboren varme.
- Bad med innreiing frå Sigdal.
- Parkeringskjellar tilrettelagt for Elbil-lading.
- Tre heisar – til Kårhuset, Gamlestova og Bakstehuset.
- Sportsboder og sykkelparkering i parkeringskjellaren.
- Kort veg til matbutikk og barnehage.
- Parken ligg innanfor bomringen.
- I nokre leilegheiter kan ein få hems som tilval.
Lønnetunet, interiør Lønnetunet, interiør Lønnetunet, interiør Lønnetunet, interiør Lønnetunet, interiør Lønnetunet, interiør
Nærområdet
Vil du på visning?
Tuna i Parken ligg sentralt og landleg i Førde. Her er gå- eller sykkelavstand til alt du treng i kvardagen.
No gler vi oss til å bygge neste tun! Sjå gjennom salsprospektet, kanskje finn du den leilegheita du ønskjer deg.
I Hafstadparken er det store grøntareal der ein kan nyte ei stille stund og sjå på elva som glir forbi, kose seg i sola eller kanskje ha piknik.
Aktivitetar for store og små: Organisert idrett, leik eller eigentrening.
I Hafstadparken er det noko å finne på for alle – uansett alder og fysisk form.

Meld din interesse
Vil du vite meir om leilegheitene i Lønnetunet? Våre dyktige prosjektseljarar hjelper deg – heilt uforpliktande!