Gravdalgruppa søker ny prosjektleier

Gravdal Bygg as har store og spennande prosjekt som skal byggjast framover. No treng vi ein ny prosjektleiar på laget.

Som prosjektleiar vil du få følgjande oppgåver
• Ta ansvar som fagleg og koordinerande leiar for våre byggeprosjekt innan bustadmarknaden, private byggherrar og offentlege bygg.
• Legge til rette for god kommunikasjon mellom interne ressursar og samarbeidspartnerar
i prosjekta du leiar.
• Vere ein god representant overfor kundar.
• Innhente og forhandle prisar med underleverandørar.
• Vere ansvarleg for kvalitetssikringa i prosjektet.
• Tenke HMS og trivsel som ein del av jobben.
• Ta del i utvikling av nye prosjekt.
• Drift og økonomioppfølging.


Vi ønskjer at du
• Har evnen til å leie menneske og prosessar.
• Er fagleg dyktig, engasjert og har ambisjonar.
• Jobbar sjølvstendig og samstundes har gode samarbeidsevner .
• Likar utfordringar og tek ansvar.
• Skal vere med å ta ansvar for selskapet si utvikling.
• Er fleksibel, ryddig og strukturert.
 • Trivst med ein hektisk kvardag.

Kvalifikasjonar
Relevant bachelor/ingeniør byggfag med god erfaring.
Kompetanse i prosjektleiing, inkludert bruk av relevante IT-verktøy innan prosjektplanlegging og økonomi.
Bakgrunn som byggherre, konsulent eller entreprenør er ein fordel.

Vi tilbyr
Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt- og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver.
Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Send søknad og CV til
Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth, sms@gravdal.no.
Du kan også ta kontakt på telefon 48 88 18 14 for meir informasjon.