Gravdalgruppa søker prosjekteringsleiar

Gravdal Bygg søker ein strukturert prosjekteringsleiar som kan vere med å sikre framdrift, kvalitet, økonomi og HMS i våre prosjekt.

Som prosjekteringsleiar får du følgjande oppgåver

  • Leie tverrfagleg gjennomføring av prosjektering iht. planlagd framdrift.
  • Utarbeide beslutnings- og prosjekteringstidsplanar.
  • Sikre effektiv framdrift i prosjekteringa gjennom god styring og leiing.
  • Påverke val av løysingar i prosjekta som sikrar trygg og effektiv produsjon.
  • Ha ansvar for HMS i planleggings- og prosjekteringsfasen.
  • Kvalitetssikre skildringar, berekningar og teikningar.
  • kommunikasjon med byggherre og styresmaker.
  • Legge til rette for god kommunikasjon mellom interne ressursar og samarbeidspartnerar i prosjekta du leiar.
  • Delta i val av samarbeidspartnerar.
  • Utarbeide planar for kontroll av prosjektering og oppfølging.
    Vi ønskjer at du
  • Har evne og interesse for å leie menneske og prosessar.
  • Er fleksibel og jobbar målretta og systematisk.
  • Er sjølvstendig og samstundes har gode samarbeidsevner.
  • Likar utfordringar og tar ansvar for utvikling av bedrifta.
  • Trivst med ein hektisk kvardag.

Kvalifikasjonar
Relevant bachelor/mastergrad eller tilsvarande.
Fagkompetanse innan prosjekteringsleiing, inkludert bruk av relevante IT-verktøy innan prosjektplanlegging og økonomi.
Du har kunnskap om verktøy som BIM mm.
Bakgrunn som byggherre, konsulent eller entreprenør er ein fordel.

Vi tilbyr
Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt- og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver.
Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Send søknad og CV til
Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth, sms@gravdal.no.
Du kan også ta kontakt på telefon 48 88 18 14 for meir informasjon.