-
PRIMA UTSIKT: Vil du vakne til denne utsikta kvar morgon? No har du sjansen! -
NYTT OG FINT: Her kjem det seks nye og moderne leilegheiter i idylliske Mallasvika i Naustdal (bygget t.v.) -
FOR LIVSNYTARAR: Tenk å sitje her med morgonkaffien og nyte utsikt som dette! Balkongane er overbygde, slik at ein glede seg over utsikta til fjord og fjell både i sol og litt meir ruskete ver. -
GODE KVALITETAR: Leilegheitene blir levert med parkett, Sigdal-kjøkken og integrerte kvitevarer inkl i prisen. -
LANDLEG OG SENTRALT: Mallasvika er ein fredeleg idyll ved fjorden og nær flotte turområde i Naustdal. -
1. ETG: Det blir tre leilegheiter i kvar etasje. -
U. ETG: Alle leilegheitene har overbygde balkongar med fri utsikt over Førdefjorden -
TETT PÅ FJORD OG FJELL: I Mallsvika bur du i praktfull natur, berre ein kort køyretur frå Førde sentrum. -
TRYGG LEIK: Det er etablert felles leikeplass for bebuarane i Mallasvika, og i tillegg blir det eit mindre leikeområde på baksida av bygga. -
BADEBRYGGE: Her kan bebuarane bade eller grille når sola tittar fram. -
BÅTPLASS: Å bu i Mallasvika inviterer til båtliv. I Mallasvika Marina kan du ha båt liggaande på privat plass. -
SANDEN: Frå Mallasvika er det berre ein liten rusletur til det flotte badeanlegget Sanden i Naustdal.
Fri fjordutsikt, badebrygge og plass til båten
Nedre Mallasvikvegen, 6817 NaustdalMAGISK UTSIKT: Elskar du båt- og friluftsliv og vil bu med fri utsikt over Førdefjorden? Då bør du sjå nærare på desse flotte leilegheitene i Mallasvika Panorama 2.
Prisantydning
3 250 000 – 3 890 000 kr
Totalpris
3 261 500 – 3 902 500 kr
Fritt og fredeleg
I Mallasvika bur du fint og fredeleg, tett på flott natur med merka stiar, og med panoramautsikt over fjella og Førdefjorden. Det er berre ein liten spasertur til Naustdal sentrum, og med bil køyrer du til Førde på 10-12 minutt.
Ønskjer du ei ny og lettstelt leilegheit i eit fredeleg bustadområde, kan Mallasvika vere noko for deg. Her har vi no seks praktiske og lettstelte leilegheiter med eitt eller to soverom for sal. Den minste leilegheita blir ca 52 kvm, dei andre ca 64 kvm – pluss romslege terrassar og sportsbod.
Her er det flott å bu om ein er åleine, eller ein liten familie. Perfekt for den som skal inn på bustadmarknaden for første gong, som pendlarleilegheit – eller kanskje ei ferieleilegheit?
Og har du båt er det mogleg å kjøpe eigen båtplass I Mallasvika panorama, like nedanfor leilegheita.
Dei seks leilegheitene får praktiske romløysingar og store vindauge som gir mykje lys og romkjensle. Alle får solrike, austvende balkongar med fri utsikt over fjorden og Heilefjellet.
Det er opparbeidd eigen leikeplass, og nede i fjæra er det badebrygge der ein kan grille og kose seg i sola.
Tomta er ferdig opparbeidd, og klar til at bygginga kan starte.
Er dette noko for deg? Sjå nærare på salsprospektet eller ta kontakt for ein hyggeleg prat!
Gode kvalitetar
- Store vindauge
- God takhøgde
- Parkett
- Kvalitetskjøkken frå Sigdal
- Integrerte kvitevarer inkl. i prisen
- Romslege overbygde balkongar.
- Privat parkering
- Moglegheit for privat båtplass (p.t. kr 120.000,-)