Gravdalgruppa treng fleire dyktige tømrarar

Vi har mange spennande byggeprosjekt og treng fleire dyktige tømrarar/fagarbeidarar både i Førde og Bergen. Har du fagbrev og brenn for å bygge? Då vil vi gjerne ha kontakt med deg!

Søknadsfrist er passert!

Vi søkjer etter allsidige tømrarar til oppføring av våre prosjekt. Du må ha fagbrev med tillegg av nokre års arbeidserfaring, men har du lang allsidig erfaring som tømrar, er du sannsynlegvis også godt kvalifisert. Du må vere oppteken av god kvalitet på produktet vi leverer, samtidig som du må jobbe smart, raskt og effektivt ihht. oppsette planar. I tillegg til kvalitet, har vi også høg fokus på HMS på våre prosjekt, og alle våre tilsette må ta del i dette arbeidet.

Vi ønskjer at du:
• Er fagleg dyktig, har engasjement og ambisjonar
• Har gode samarbeidsevner og samtidig er sjølvstendig
• Trivst i eit travelt miljø
• Likar utfordringar og tek ansvar
• Er fleksibel, ryddig og strukturert

Vi tilbyr
Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt.
Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Send søknad og CV til Gravdal Bygg as v/Ole Christian Åsen ocaa@gravdal.no. Du kan også ta kontakt på tlf 91 00 93 74 for meir informasjon.

Vi byggjer framtidas bustader! Les meir om det her.

Meir informasjon om Gravdalgruppa finn du her