Hjem

Slå til i Mallasvika

Mallasvika er eit triveleg bustadområde like utanfor Naustdal sentrum, med makelaus utsikt over fjella og Førdefjorden. Her har vi lyse og fine leilegheiter for sal.

Første byggetrinn stod ferdig i 2020. No planlegg vi eit tilsvarande bygg på nabotomta med seks leilegheiter.

Den minste leilegheita er ca 52 m², dei andre ca 64 m². To av leilegheitene har eitt soverom, dei fire andre får to. Felles for alle: Solrike balkongar med fri utsikt over fjorden!

Ønskjer du båtplass, kan vi ordne det og!

Klikk på pila til høgre for bildet under, så kan du bla deg gjennom salsprospektet for Mallasvika Panorama 2. Kanskje finn du leilegheita du drøymer om her!

Ved å klikke på den øvste av dei grøne boksane får du tilgang til prisalista. I leveranseskildringa finn du meir detaljert info, og dersom du ønskjer å kjøpe ei leilegheit, kan du fylle ut skjemaet “Bindande stadfesting på kjøp” og sende det til oss.

OPPE: Leilegheitene er fordelte over to etasjar. I den øvste etasjen har alle leilegheitene to soverom.

NEDE: På bakkeplan kan ein velge mellom leilegheiter som har eitt eller to soverom.

Alle dei seks leilegheitene får energimerking B, noko som betyr at du som kunde er kvalifisert til grønt bustadlån – bankens lågaste rente.

Byggeklar tomt

Tomta er ferdig opparbeid (raud ring). Her er det plass til seks nye heimar, passeleg for den som bur åleine, eller kanskje ein liten familie?

Det er berre ein liten rusletur til sentrum, og 10-12 minutt i bil til Førde.

Vil du bu her? Alle leilegheitene vil få fri utsikt over Førdefjorden.

Vil du bu her? Alle leilegheitene vil få fri utsikt over Førdefjorden.
Når fjorden ligg bada i sol er det fantastisk flott i Sunnfjord. Tenk å ta denne utsikta frå stoveglaset.

Mallasvika Marina ligg berre ein liten rusletur frå leilegheitene, her er det mogleg å kjøpe seg båtplass.

Trygg leikeplass

Det er opparbeidd felles leikeplass for bebuarane, i tillegg blir det ein mindre leikeplass ved inngangspartiet.

Forfriskande bad like ved

I Mallasvika treng du ikkje gå langt for å få deg eit forfriskande bad i fjorden. Dessutan har du det flotte badeanlegget Sanden like ved.

Kvalitetskjøkken

Leilegheitene blir levert med norsk kvalitetskjøkken frå Sigdal, integrerte kvitevarer er inkludert i prisen.

Leilegheitene får store vindauge og romslege overbygde, sørvende balkongar der ein kjem tett på den flotte naturen.

Det lett å trivast i Mallasvika!

Interessert? Ta kontakt!