Gravdalgruppa er Miljøfyrtårn!
– Dette er ei fjør i hatten for Gravdal, sa ordførar Jenny Følling då ho overleverte plaketten som viser at Gravdalgruppa no kan kalle seg eit Miljøfyrtårn.
Å vere ei Miljøfyrtårn-bedrift stiller krav til oss angåande avfallshandtering, energireduserande tiltak, gode HMS-rutinar, miljøkrav ved innkjøp og miljøfokus ved transport.
Sertifiseringa gir konkrete verkty for miljøleiing, som gjer det enklare å lykkast med ei grøn omstilling.
– Det blir stadig større fokus på miljø og berekraft. Vi ser Miljøfyrtårn som eit viktig samfunnsengasjement, seier Gravdal-leiar Bodil Kidøy Lunde.
Både ho og Asbjørn Osland ser fram til å jobbe vidare med viktige miljøtiltak framover.