Hjem
PÅ TEIKNEBRETTET: Her ser arkitektane Klaus Bo Christensen og Egle Adomaviciute bort på nabotomta til ZIK-ZAK på Falkenstein i Førde. Dei er i full sving med å teikne bygget som vil romme rundt 30 leilegheiter. ZIk-ZAK har vorte eit signal-bygg i Førde, dei to er overtydde om at dei skal få til eit like spennande resultat for neste bygg.

Teiknar nabobygget til ZIK-ZAK

Terrasseblokka ZIK-ZAK vart kjempepopulær og er for lengst utseld. No jobbar arkitektane med eit søsterbygg på nabotomta. – Det blir ikkje likt, men får dei same kvalitetane: Fantastisk utsikt, flotte terrassar og stor takhøgde, fortel arkitekt Klaus Bo Christensen.

I januar var arkitektane frå Bergen på synfaring i ZIK-ZAK, og vart svært begeistra over resultatet:

– Førdes flottaste leilegheiter, konkluderte dei.

No er dei i full sving med å teikne leilegheiter på nabotomta, B9, som er den siste i feltet.

– Fjellsida over Førde er ideell for terrasseblokker. Det gjeld å finne løysingar som står til dei andre bygga i feltet. Dette skal bli veldig bra, seier arkitekt Klaus.

FIKS FERDIG: No har alle bebuarane flytta inn i ZIK-ZAK og kan sjå fram til å nyte vårsola på dei fantastiske terrassane sine. På sikt får ZIK-ZAK eit søsterbygg på nabotomta.

– Vi veit at det er mange som vurderte å kjøpe i ZiK-ZAK men som vart for seine. Vi opplevde ei heilt utruleg interesse for dei 25 leilegheitene, dei gjekk raskt unna. No har dei som var for seint ute sjansen til å sikre seg ei like flott leilegheit på nabotomta, det er berre å sette seg på liste, seier Gravdal-leiar Bodil.

GOD STEMNING: Gravdal-sjef Bodil Kidøy Lunde (i midten) viser stolt fram resultatet på Falkenstein. No gler ho seg til å sjå kva arkitektane teiknar på den siste tomta. – Vi har sett nokre grove skisser, og eg er sikker på at dette blir knallbra!

Ho er sjølv mellom dei heldige som sikra seg ei leilegheit i ZIK-ZAK og stortrivst i sin nye heim på Falkenstein.

– ZIK-ZAK vart akkurat så flott som vi såg føre oss. Tenk at alle leilegheitene har den same fantastiske utsikta, det er utruleg, sa arkitektane under Førde-besøket. Dei tok med seg mykje inspirasjon tilbake til teiknebordet i Bergen.

Det vil enno ta litt tid før vi får sjå resultatet av teiknearbeidet deira, men om du set deg på lista, er du mellom dei første som får informasjon om leilegheitene. Heilt uforpliktande, sjølvsagt.

Kontakt oss