Hjem
FLOTT TOMT: Den nye brann- og ambulansestasjonen ligg like bak bu- og omsorgssenteret på Dalsøyra i Gulen.

Tel ned til stasjonen står ferdig

På Dalsøyra gler dei seg over byggestøy. Den nye brann- og ambulansestasjonen, med ein prislapp på om lag 25 millionar kroner, er svært etterlengta.

Gravdal Bygg vann konkurransen om å få bygge brann- og ambulansestasjonen på Dalsøyra.

No vert det jobba for fullt for at stasjonen skal vere klar til innflytting ved årsskiftet. Men naboane klagar ikkje over støy frå tomta, dei ser fram til at bygget endeleg kjem på plass.

Slik skal det sjå ut Det blir god plass både til bilar og mannskap på den nye stasjonen.

Nybygget er på to etasjar. På bakkeplan blir det garasjar, teknisk rom, garderobar og treningsrom. På andre plan blir det kjøkken/opphaldsrom, fleire soverom, kontor og ein stor, flott terrasse.

– Bygget er tett, vi har tekka taket og terrassen. Over ferien blir det støyping av golv og montering av vindauge og kledning, fortel Thorarinn Einarsson i Gravdal Bygg.

Han styrer arbeidet på byggeplassen og tek sikte på at alt skal vere klart ved årsskiftet.

FIN UTSIKT: Nybygget får ein stor terrasse der dei tilsette kan nyte utsikta på godversdagar som dette. Men dei er nok mest opptekne av å få på plass skikkelege lokale og garderobar.

Kontakt oss