-
Illustrasjonsbilete fasade. -
Illustrasjonsbilete fasade. -
Illustrasjonsbilete carport. -
Illustrasjonsbilete stove. -
Illustrasjonsbilete entre/gang. -
Illustrasjonsbilete bad. -
Illustrasjonsbilete av hovudsoverom. -
Illustrasjonsbilete av det minste soverommet, som også kan nyttast som kontor. -
Situasjonsplan -
Oversiktsbilete av Leitagarden
Nøkkelferdige bustader på eitt plan | 3 soverom | Carport | God takhøgd | Ytterland
Leitagarden, 6050 ValderøyaEit nytt bustadprosjekt på Skjong/Ytterland på Valderøya, med to leilegheiter som kvar har tre soverom og alle funksjonar samla på eitt plan. Byggjearbeidet er i gang, og vi tek sikte på ferdigstilling i løpet av 2. kvartal 2027.
Prisantydning
5 390 000 kr
Totalpris
5 406 687 kr
OM BUSTADEN
Ein moderne og lettstelt bustad med tre soverom og alle funksjonar samla på eitt plan. Planløysinga utnyttar arealet godt og gir enkel tilgang mellom opphaldsrom, soverom og uteareal. Dei to bustadene er skilde frå kvarandre med carport og bod i bakkant, slik at du ikkje deler innvendig vegg med naboen.
Den opne stove- og kjøkkenløysinga er bustaden sitt naturlege samlingspunkt. Med ei innvendig takhøgd på 3,5 meter og store vindauge i front får opphaldsrommet godt med dagslys og ei luftig romkjensle. Kjøkkenet er levert av Sigdal, med slette frontar og integrerte kvitevarer.
Bustaden har eit romsleg bad, separat gjestetoalett og eige vaskerom. Alle tre romma har flislagde golv med store 60 × 60 cm fliser og varmekablar. Innvendig er det levert kompaktdører i modellen Stil1 frå Bygg1, med dempelist som bidreg til betre lydisolering mellom romma.
Også utvendig er materiala valde med tanke på kvalitet og enkelt vedlikehald. Bustaden er kledd med Talgø MøreRoyal, og vindauge og balkongdører frå NorDan har 3-lags glas og utvendig aluminiumskledning. Taket er tekt med Plannja Trend 475.
UTEOMRÅDE
Området grensar til friluftsområde i vest, med god plass for leik og moro. Innkjøringsveg vert asfaltert. I tillegg vil det bli lagt ferdigplen til våren 2027.
GENERELL ORIENTERING
Bilete og illustrasjonar er meint å gi eit visuelt inntrykk av prosjektet og kan vise tilval og produkt som ikkje er inkluderte i standardleveransen. Møblar, laust inventar og belysning som er viste på illustrasjonane, er ikkje inkluderte med mindre dette er oppgitt i leveringsbeskrivinga. Prosjektbeskrivinga skal gi ei generell oversikt over prosjektet, men er ikkje ei fullstendig beskriving av leveransen. Kontraktsteikningane og leveringsbeskrivinga spesifiserer kva som vert levert.
Det vert teke atterhald om nødvendige og formålstenlege endringar, mellom anna som følgje av eventuelle krav frå offentlege styresmakter. Dette skal likevel ikkje føre til vesentlege endringar i den oppgitte standarden.
Illustrasjonane viser ikkje korleis uteområda blir utforma. Sjå situasjonsplanen for planlagd utforming av uteområda.
Ved overtaking kan det stå att arbeid på uteområda, og vegetasjon og planter kan vere mindre utvikla enn illustrasjonane viser.
Bustadene blir selde i samsvar med bustadoppføringslova.
OM UTBYGGJAR
RoaldHus har bygd hus på Sunnmøre sidan 1975, med hundrevis av nøgde huskundar. Verksemda starta med eit eige hussystem utvikla og produsert av Sverre Roald AS. I 2003 vart vi ein del av Hellvik Hus, ei huskjede som deler våre verdiar og vektlegg kvalitet og gode bustadløysingar.
Vi leverer bustader og hytter tilpassa kundane sine ønske og behov, i nært samarbeid med søsterbedrifta vår, XL Bygg Roald – Sverre Roald AS. Saman med Hellvik Hus fører vi sunnmørsk byggjetradisjon vidare, med gjennomtenkte planløysingar, god utforming og moderne heimar bygde for å vare.
Velkomen til RoaldHus – Hellvik Hus Ålesund!