SPENT: Ove Lefdal er mellom dei som har kjøpt seg leilegheit i Lindhagen. Han gler seg til å sjå bygget ferdig.

– Blir flott å bu i Lindhagen

Når trea er grøne, sola skin og skyene speglar seg i elva – då ser ein verkeleg kor flott det blir å bu i Lindhagen i Førde sentrum. – Dette blir veldig bra, seier Ove Lefdal som har sikra seg ei leilegheit.

Lefdal var ein av dei som var raskt ute og sikra seg ei av leilegheitene med utsikt mot elva. Han er spent på å sjå det ferdige bygget. I mellomtida kan han nytte det nye nabolaget som turområde.

– Lindhagen er eit tiltalande bygg i eit flott område ned mot elva. Her får ein ingen framfor seg, så det blir god utsikt, seier Ove Lefdal frå Førde. I den nye leilegheita har han flott turområde rett utanfor døra.
Bustadprosjektet i Angedalsvegen i Førde sentrum har vorte veldig populært. Her kan ein bu i eit roleg grøntområde like ved elva, og samstundes ha alt ein treng av sentrumstilbod like utanfor døra. Så langt er 27 av dei 36 leilegheitene selde. Det er meir enn nok til at prosjektet kan realiserast.

Dagleg leiar i Gravdagruppa, Bodil Kidøy Lunde, er strålande fornøgd med mottakinga prosjektet har fått.

– Vi har jobba med Lindhagen i over eit år og har heile tida hatt stor tru på prosjektet. Det er ei fantastisk tomt og vi har lagt inn mange flotte kvalitetar i bygget. Salsstarten fall saman med nedstenginga av Noreg, difor er det ekstra kjekt at vi allereie har selt leilegheiter for nesten 100 millionar kroner, seier ho.

Lindhagen får flott foajè, hobby/treningsrom, felles storstove i første etasje og triveleg hageområde ned mot elva. I tillegg blir det fellesterrasse i toppetasjen og to gjesteleilegheiter. Midt i bygget blir det glasheis med utsikt over elva. Under bygget blir det parkeringskjellar.

– I Lindhagen er det stor variasjon i storleik og pris, dei minste leilegheitene blir på 37 kvadratmeter, den største i toppetasjen heile 165 m2 . Her kan folk i alle aldrar finne ei leilegheit som passar dei, vi trur det er noko av grunnen til at vi har lukkast så godt. Vi har fleire kundar som seier at dei aldri har vurdert å kjøpe leilegheit i Førde sentrum – før dei fann Lindhagen. Då blir vi sjølvsagt stolte, seier Kidøy Lunde.

Å sitje på balkongen eller takterrassen i Lindhagen og sjå utover elva ein godversdag, blir pur idyll.
FRITT OG FINT: Frå toppetasjen i Lindhagen har ein flott utsyn over Byparken, elva og over til Sørsida.
Den gamle doktorbustaden som stod på tomta er riven. Går alt etter planen kan bebuarane flytte inn i løpet av fjerde kvartal 2022.
22. januar 2021 var det oppstart på gravearbeidet, mykje masse må vekk for å få plass til parkeringskjellaren under bygget.
Frå Bankbrua kan ein rusle gjennom Byparken. Her ser eit rett bort på Lindhagen-tomta. Det er framleis mogleg å skaffe seg ei av dei attraktive leilegheitene.

Kontakt oss