– Vi treng fleire prosjekt som Lindhagen
I neste veke flyttar dei første bebuarane inn i Lindhagen i Førde. Ordførar Jenny Følling fekk ein sniktitt inn i bygget, og vart begeistra: – Oj, så flott! Her kunne eg godt tenke meg å bu sjølv, seier Følling.
Historia til Lindhagen starta i 2017. Då lyste kommunen ut ein open konkurranse. Private skulle stå for utbygginga på den kommunale tomta, kommunen skulle kjøpe eit avgrensa tal leilegheiter.
Gravdal Bustadprosjekt vann konkurransen etter å ha utarbeidd eit konsept i samarbeid med Nodrplan. Kommunen kjøpte to av dei 36 leilegheitene, resten vart seld eitt år før bygget var ferdig.
I Lindhagen e er det leilegheiter i mange størrelsar: Den minste er 36 m2, den største 165 m2. Det er også ein god miks av bebuarar i ulike livsfasar – nokre er førstegongskjøparar, andre har kjøpt sin eigen eldrebustad. Den yngste bebuaren er 19 år gammal, den eldste 85.
Det er parkeringskjellar under bygget, men i Lindhagen er ein ikkje avhengig av bil i kvardagen. Her er kort gåavstand til alt av servictilbod i Førde.
– Det er slik det vil bli framover – folk må sjølv kjøpe lettstelte leilegheiter der dei kan bu til dei blir gamle. Kommunen treng flere slike samarbeidsprosjekt med private utbyggarar, seier Følling.
I Lindhagen er det lagt vekt på å ha mange sosiale møteplassar for bebuarane. Romsleg foaje, stor fellesstove med overbygd terrasse ut mot hagen, trim/hobbyrom, stor felles takterrasse og to gjesteleilegheiter.
– Det er flott at det er så stor spredning i alder mellom bebuarane. Vi veit at mange som kjøper leilegheit i sentrum er einslege, då blir det ekstra viktig med gode fellesareal, seier Følling.
– Det har vorte eit flott bygg. Eg likar godt innslaga av treverk mot den kvite fasaden og dei friske fargane i fellesareala, seier Følling.