![](https://hellvikhus.no/content/uploads/2023/03/Eksterior_Gravdal_Lonnetunet_v1b2-1024x671.jpg)
Alt seld i Lønnetunet
Er du på jakt etter ein stad å bu sentralt i Førde? No er den siste av dei 45 leilegheitene i Lønnetunet seld. Men det kjem eitt tun til, Hasseltunet, med leilegheiter i mange størrelsar.
Klyngetuna i Parken er ein suksess! I løpet av dei neste vekene byrjar dei første bebuarane å flytte inn i Lønnetunet. Her blir det totalt 45 leilegheiter i ulike størrelsar fordelt på seks hus.
Alle leilegheitene er selde!
I Parken har dei fleste leilegheitene parkeringsplass i garasjekjellar inkludert i prisen, og ein har vassboren varme frå Førdefjorden.
![](https://hellvikhus.no/content/uploads/2023/03/HasseltunetBustadtunAerialSor-1024x512.jpg)
Medan kjøparane i Lønnetunet no førebur innflytting i dei nye leilegheitene sine, er vi i gang med å planlegge det siste klyngetunet i Parken – Hasseltunet. Her blir det også flotte leilegheiter i mange størrelsar.
leilegheitene blir truleg lagt ut for sal i mai/juni 2023. Vi har allereie rundt 100 namn på interesselista.
I Parken betalar du 20% når kontrakten blir signert og resten ved innflytting.
![](https://hellvikhus.no/content/uploads/2023/03/Eksterior_Gravdal_Lonnetunet_v15-1024x589.jpg)
![](https://hellvikhus.no/content/uploads/2023/03/Eksterior_Gravdal_Lonnetunet_v1b2-1024x671.jpg)
Klyngetuna legg til rette for sosiale nabolag. I det trivelege, bilfrie tunet er det ulike soner for leik og sittegrupper. Her blir det fint å slå av ein prat med naboen, ønskjer ein fred og ro kan ein trekke seg tilbake til den private uteplassen. I Parken vil folk i alle aldrar finne kvalitetar å sette pris på.
Har du lyst på ein uformell prat om det siste tunet i Parken, Hasseltunet? Ikkje nøl med å ta kontakt!
![](https://hellvikhus.no/content/uploads/2023/03/Interior_Gravdal_Lonnetunet_2.Etasje_C21_Stue1-1024x577.jpg)
![](https://hellvikhus.no/content/uploads/2023/03/Interior_Gravdal_Lonnetunet_4.Etasje_C42_Stue-1024x577.jpg)
Kvalitetar:
- Lyse og moderne leilegheiter i mange størrelsar.
- Alle leilegheitene har romsleg privat terrasse eller balkong.
- Ein del leilegheiter har spennande arkitektoniske detaljar som karnapp og takvindauge, dette gir ekstra lys og særpreg.
- Triveleg, bilfritt tun med leikeplass og sosiale møteplassar i ulike soner.
- Norsk kvalitetskjøkken frå Sigdal.
- Vassboren varme.
- Bad med innreiing frå Sigdal.
- Parkeringskjellar tilrettelagt for Elbil-lading.
- Sportsboder og sykkelparkering i parkeringskjellaren.
- Kort veg til matbutikk og barnehage.
- Parken ligg innanfor bomringen.
- I nokre leilegheiter kan ein få hems som tilval.
![](https://hellvikhus.no/content/uploads/2023/03/DJI_0035002-1024x603.jpg)