Hjem
Solide bygg: Omsorgsbustadane er bygt i massivtre, det er ikkje mange bygg av denne typen i distriktet.

– Gode hus for bebuarane

I desse dagar flyttar dei første bebuarane inn i dei nye omsorgsbustadane på Eid. – Vi har fått bygg som er gode både for dei som skal bu og arbeid der, seier prosjektleiar Torfinn Myklebust i Stad kommune.

Gravdal Bygg vann konkurransen om å få bygge 11 omsorgsbustader og administrasjonsbygg på tilsaman 1800 kvm like ved sentrum på Nordfjordeid. Dette er Gravdal Bygg sitt første prosjekt i massivtre. Veggane i heiltre kjem ferdig som byggesett og gir robuste einigar.

Byggesett: Med god planlegging før byggeprosessen startar er det effektivt å bygge i massivtre.

– Byggeperioden har vore ein læringsprosess både for oss og Gravdal Bygg. Arbeidet er veldig greitt utført, og utforminga svarer fullt ut til forventningane. Vi har fått bygg i robust materiale, det var det vi ønskte, seier Myklebust.

I mål: Det var tid for blomar, kake og gode ord då omsorgsbustadane vart overleverte til kommunen. Dagleg leiar Sverre Stensæth i Gravdal Bygg (t.h.) saman med prosjektleiar Torfinn Myklebust i Stad kommune.

Corona-situasjonen har stukke nokre kjeppar i hjula i byggeperioden, men med intens jobbing i innspurten vart bygga klare til avtalt tid. Forrige fredag var det høgtideleg overlevering med kakefest og ordføraren på plass.

Fin feiring: Både tilsette, kommuneleiinga og Gravdal Bygg sine representantar gler seg over at omsorgbustadane er klare til å ta imot bebuarane. Frå venstre kommunedirektør Åslaug Krogsæter, kommunalsjef for helse og omsorg Barbro Longva, arkitekt Hans Atle Zeiffert i BMG Arkitekter, ordførar Alfred Bjørlo, prosjektleiar for kommunen Torfinn Myklebust, prosjekteringsleiar Sverre M. Stensæth og prosjektleiar Kay Arne Kalstad, begge Gravdal Bygg.
Flotte lokale Mykje vindauge og lyse, fine overflater med synleg massivtre.

– Det er har vore ein spennande og lærerik prosess for oss å bygge i massivtre. Ei positiv erfaring som vi vil ha nytte av ved seinare prosjekt, seier dagleg leiar Sverre M. Stensæth i Gravdal Bygg.

– Vi opplever at det er godt inneklima og gode lydforhold i bygga. No gjenstår det å sjå korleis bebuarane vil trivast, seier Myklebust.

Kontakt oss