Hjem
Tøffe detaljar: Vindauga på heile 3,5 m gir lys og utsikt både til stove/kjøkken- delen og på hemsen. Dei praktiske hyllene slepp lyset inn men gir samstundes ein avskjerma soveromsdel på hemsen.

Ein kikk inn i Studio K43

Studioleilegheitene i Angedalsvegen i Førde har fått mykje merksemd. Men korleis ser det eigentleg ut inne? Vi tok ein kikk før bebuarane flytta inn.

Vi veit at mange lurer på korleis det ser ut i studioleilegheitene, Studio K43 i Førde – og at det er fleire som var for seint ute med å kjøpe.

Her får du nokre smakebitar frå ulike leilegheiter.

Studioleilegheitene har ganske lik planløysing, men ulike fargar, kjøkken og golv gir leilegheitene særpreg.

Dei 15 studioleilegheitene er noko nytt og sprekt på bustadmarkanden i Førde. Stor takhøgde, smarte løysingar og godt utnytta kvadatmeter gjer at leilegheitene på ca 35 m² ikkje kjennest tronge.

Røft og tøft: Nokre av leilegheitene har synlege betongveggar. I dei breie vindaugskarmane er det fine sitjeplassar, perfekt for ein pause med ein god kopp kaffi. Endeleilegheitene har også romslege balkongar som ei forlenging av stoverommet.
Sov godt! Alle studioleilegheitene har hems. I toppetasjen er det ekstra takhøgde og takvindauge som gir lys og luft.
Stor variasjon: Bebuarane har sjølv valt fargar på veggar og kjøkken – og har gått for svært ulike løysingar – frå det heilt mørke til pastellfargar.
Ekstra lys: Endeleilegheitene har eit ekstra vindauge ved kjøkkenet.

Kontakt oss