Applauderte for byggeplanar
Dei første skissene av korleis hotell-tomta på Vassenden kan nyttast til ny Coop-butikk og bustader, hausta applaus på folkemøte. Hotellet skal brukast til å skape aktivitet i bygda.
– Det er første gongen eg har vore med å få trampeklapp etter å ha presentert utbyggingsplanar. Veldig kjekt, det er tydeleg at folk ønskjer at det skal skje noko i bygda, seier Bodil Kidøy Lunde som er dagleg leiar i Gravdal Prosjektutvikling.
Skissene som vart presenterte viser berre korleis det er mogleg å nytte tomta, utan å rive det gamle hotellet. Korleis det endelege resultatet vil sjå ut, er det for tidleg å seie noko om.
Tanken er at det kan byggjast 30 attraktive og varierte bustader i ulike byggetrinn. Leilegheiter på taket av Coop-butikken og leilegheiter, firemannsbustader eller rekkehus i området rundt. Det blir ikkje bustader i det gamle hotellet, det skal nyttast som møteplass og huse aktivitetar for folk i bygda og tilreisande, – til dømes ein kafè.
Presentasjonen samla over 150 menneske i Gjesthalla på Vassenden, og stemninga var svært god.
Alle som ønskte informasjon om vegen vidare i prosjektet kunne sette seg på interesseliste.