Hjem

Fullt hus i Lindhagen

Meir enn eitt år før bygget skal stå ferdig er alle leilegheitene i Lindhagen selde. Her blir det fantastisk å bu, tett på elvekanten i Førde sentrum, men samstundes i ei stille, grøn lunge.

Dei siste månadane har Lindhagen verkeleg tatt form. Vi gler oss til å sjå det ferdige resultatet!

PERFEKT PLASSERING: I Lindhagen blir det flott å bu – sommar som vinter.

I Lindhagen treng ein ikkje uroe seg over skyhøge straumprisar, her får ein god og stabil vassboren varme frå Førdefjorden.

Lindhagen får mange flotte kvalitetar og spennande fellesareal.

DETTE BLIR FLOTT: Lindhagen for lyse og lekre leilegheiter med mykje lys frå dei store vindauga.
Ein kjempejobb: Slik såg det ut då byggearbeidet på tomta så vidt var i gang. No er bygget komme opp. Det er både Gravdal-leiar Bodil Kidøy Lunde og byggeplassleiar Geir Egil Nygjerde godt fornøgde med.

I Lindhagen blir det sosialt å bu og mange felleskvalitetar: I vestibylen kan du slå deg ned å prate med naboane. I den store fellesstova med kjøkken kan ein ha nabofestar, spelkveld, strikkekafe – eller private lag.

Her blir felles trening/hobbyrom,stor felles takterrasse i toppetasjen. Når du får overnattingsgjester er det to gjesteleilegheiter tilgjengeleg i bygget.

I hagen, som strekker seg heilt ned til elva, og på takterrassen kan alle i bygget nyte livet ute. I tillegg har dei fleste leilegheitene private terrassar eller balkongar. Her kan ein kose seg i sola om dagen og invitere til trivelege lag på kveldstid.

Privat og sosialt: Dekket i ulike fargar og former gir liv til hageområdet. Ulike høgdenivå og soner opnar for at fleire kan vere i hagen – anten ein vil vere sosial eller ha tid for seg sjølv. Tenk kor flott det blir å sette seg i trappa ned mot elva og sjå utover vatnet og på svanene!

Lindhagen ligg fantastisk til på elvakanten med utsikt til både Byparken og til rådhuset på sørsida. Vi ønsker at den flotte eigedommen skal bli ein grøn og frodig lunge i Førde sentrum.

Med Byparken som nabo har ein eit stort grøntområde å tumle på. Her finn du både grillplass, benkar og bord. Ungane kan svinge seg i klatreparken og dei tøffaste tar seg gjerne eit bad i elva. Frå Byparken kan du rusle på bilfrie stiar opp til Brulandsvellene. Samstundes er alt av tilbod i sentrum berre ein kort spasertur unna.

Kontakt oss