Hjem
Giske

Nøkkelferdige einebustadar med to bad, vaskerom og 3(4) soverom – attraktiv tomt!

Leitagarden, 6050 Valderøya

Eit heilt nytt bustadprosjekt i det ettertrakta området Skjong, på Valderøya. Eit nabolag der barn trygt kan leike og utforske i fellesskap, der naboar enkelt finn saman til små, hyggelege møtepunkt, og der rolege sommarkveldar på terrassen vert ein naturleg del av kvardagen.

Prisantydning
6 ​290 ​000 – 6 ​490 ​000 kr

Totalpris
6 ​307 ​272 – 6 ​507 ​272 kr

Fasiliteter

  • Garasje/P-plass
  • Hage
  • Peis/ildsted
  • Balkong/terrasse
  • Bredbåndstilknytning
  • Utsikt
  • Sentralt
  • Balansert ventilasjon

OM BUSTADANE

Arealutnytting har vore eit sentralt fokus i utviklinga av hustypen.
Einebustaden har 3(4) soverom og ei romsleg open stove- og kjøkkenløysing. Med open himling over kjøkkenet og stova, vert det skapa ei lys og luftig atmosfære som gjev rommet eit ekstra løft.

Bustaden leverast med eit eksklusivt kjøkken i modellen «Favn» frå Sigdal. Kjøkkenet er utstyrt med eikefronter i ståande finér, der trestrukturane skaper eit levande og dynamisk uttrykk.
Kvitevarene på kjøkkenet kjem frå det anerkjende italienske merket Smeg og ventilator er av typen RørosHetta.

I andre etasje finn du også hovudsoverommet med ei tilhøyrande walk-in garderobe på 5 m². I tillegg er det ei loftsluke på hovudsoverommet, som gir tilgang til eit romsleg oppbevaringsrom.

Bustaden har to bad – eitt i kvar etasje. Golvflatene i badet er dekt med store 60x60cm baderomsfliser i ein sandfarga tone, medan veggane er kledde med Fibo baderomsplater – eit stilfullt, slitesterkt og praktisk alternativ til tradisjonell flis. Bada får behageleg belysning med downlights, som du kan justere sjølv alt etter kva lys du treng. Bustaden har separat vaskerom med opplegg for vaskemaskin og tørketrommel. Vaskerommet har flislagt golv med varme.

Bustaden har to terrassar, begge utførte i vedlikehaldsvennleg materiale – Møre Royal Concise. Den eine terrassen ligg over carporten, medan den andre ligg i front av huset med direkte utgang frå TV-stova.
Her får du nær tilknyting til både hage og natur, og alt ligg til rette for gode opplevingar utandørs, anten det er grilling, leik eller avslapping i vakre og friske omgjevnader.

Utvendig er bustaden kledd med fasadeplater frå Swisspearl, kombinert med kvalitetskledning frå Talgø Møre Royal. Taket er tekt med stålplater, type Plannja Trend.


UTEOMRÅDE:

Tomta grensar til friluftsområde i vest, med god plass for leik og moro. Innkjørselen vert asfaltert. I tillegg vil det bli lagt ferdigplen til sommaren.


Leitagarden 17:
BRA: 134m²
BRA-i: 112,3m²
Terrasse over carport: 19m²
Terrasse front: 12m²
Etasjer: 2
Bod utvendig: 3,1m²

Leitagarden 19:
BRA: 134m²
BRA-i: 112,3m²
Terrasse over carport: 19m²
Terrasse front: 12m²
Etasjer: 2
Bod utvendig: 3,1m²

Leitagarden 21:
BRA: 141m²
BRA-i: 112,3m²
Terrasse over carport: 29m²
Terrasse front: 12m²
Etasjer: 2
Bod utvendig: 3,5m²

GENERELL ORIENTERING

Bilete og illustrasjonar er meint å gje eit visuelt inntrykk av prosjektet. Dei kan vise tilval som ikkje er ein del av standardleveransen. Prosjektbeskrivinga er utarbeidd for å gi ei oversikt over prosjektets generelle bestanddeler, funksjonar og planlagd organisering, og er såleis ikkje ei fullstendig beskriving av leveransen. Alle opplysningar er gitt med atterhald om endringar som er høvelege og nødvendige, inkludert endringar som følgje av pålegg frå offentlege styresmakter. Det er ein føresetnad at dette ikkje fører til vesentlege endringar av den oppgitte standarden.

Møblar og lausøyre som vist på illustrasjonar, inkludert belysning, er ikkje ein del av standardleveransen. Det vert vist til kontraktsteikningar og leveringsskildringar som nærare spesifiserer kva som vert levert. Det vert teke atterhald om mindre endringar i utføringa av uteområda samanlikna med skildringar og illustrasjonar som er viste i salsmateriellet. Ved overtaking kan ferdigstillingsgraden og tilveksten av vegetasjon og planting i uteområda vere mindre utvikla enn det illustrasjonane viser.

Bustadane vert selde i samsvar med Bustadoppføringslova.

OMKOSTNINGER
Dokumentavgift til staten (2,5% av tomteverdi) – 15900,-
Tinglysningsgebyr for skjøte – 585,-
Tinglysningsgebyr pantobligasjon pr. stk. – 585,-
Pantattest – 202,-
Sum omkostninger – 17272,-

ESTIMERT OVERTAKELSE:

Leitagarden 17: 1.Mars 2025
Leitagarden 19: 1. Mai 2025
Leitagarden 21: 1. August 2025

OM UTBYGGJAR

RoaldHus (Hellvik Hus Roald) har vore eit begrep innan husbygging på Sunnmøre heilt sidan 1975. Hussystemet vart utvikla og produsert av Sverre Roald AS. Vi har gjennom alle desse åra lukkast i å få hundrevis av nøgde huskundar som er gode ambassadørar for vårt firma. I 2003 la vi dette hussystemet til side, då vi fann tida moden til å knyte oss til ei større huskjede som la vekt på dei same verdiane som har vore grunnsteinen for den suksessen RoaldHus har vore. Etter grundige vurderingar fall valet på Hellvik Hus.

Som husleverandør set vi kvalitet i høgsetet og at husa vert bygd for å tilfredsstille dei ønskjer og behov våre kundar har. Vi bygg husa på lange tradisjonar og leverer frittliggande einebustader og hytter av høg kvalitet. I nært og godt samarbeid med vår søsterbedrift XL Bygg Roald, Sverre Roald AS.

Sunnmørsk byggeskikk har lang tradisjon i å framskaffe bustadhus med fornuftig planløysing og god utforming. Saman med vår samarbeidspartner, Hellvik Hus, held vårt firma på denne tradisjonen, og tilbyr deg eit moderne kvalitetsprodukt som du vil ha glede av i mange, mange år framover.

Velkommen til Roaldhus – Hellvik Hus Roald!

Meld din interesse